resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
skjermbilde_2017-12-14_kl_11_34_19.png

Hjort i sentrum

(14.12) Snø i fjell og utmark gjer at hjorten i enno større grad enn tidlegare trekk ned på markane for å finne mat. Vi legg her ein liten video som Stine Fiskaa tok i krysset ved bedehuset på Fiskå i går kveld og nedover marka mot omsorgssenteret. 40-50 hjortar gjekk på dei to løyvene nord for og sør for vegen, og kryssa vegen i skin av gatelysa.

arthurspelet_-_ordf_rararcrop.jpg

Vi og Vanylven

Her kan du høyre "Vanylvssongen" frå tingscena under Kong Arthurspelet 2017. Vokalist er Laila Fjørtoft Sandanger. Videoen er teken opp av Anne-Lise Johansen, og som det står under: Beklagar ristinga. Grunnen er latter og sol i ansiktet.

Nært ørnemøte
bilde_1.png

Ved eit par tilfelle i sommar vert det meldt at folk har kome over ørner i vegkanten. Ei av dei var Sandra Haugen frå Nordstranda, som filma denne ørna i Vikebogen ved Krokenes 19. juli. Viltansvarleg på kommunen, Terje Kolstad, fortel at han tok turen for å sjå til ørna.
- Då eg klappa i hendene letta ho og flaug opp i ein stolpe, og då eg klappa ein gong til, flaug ho vidare ned i Vikebogen. Truleg hadde ho hatt samanstøyt med ein bil eller eitkvart og var tummeleumsk etter det. Eg har i alle fall ikkje fått melding om at nokon har observert daud fugl korkje her eller i endre tilfelle der det har vorte fortalt om ørn i vegkanten, seier Kolstad.

Her kan du sjå Sandra sin video av ørna, som Kolstad meiner var sine to meter i vingespenn.

Industriområde med potensiale
fiskaaholmen.png

Vanylven Utvikling lagde i 2012 denne videoen som skulle vise Fiskåholmen sitt potensiale som industriområde, mellom anna som oljebasa for flytande plattformer.

No kan du sjå videoen her

Ror rettvendt langs landet
roaren.jpg

I  av Synste Møre, i nr 27 - siste avisa før ferien i 2014, fortalde vi historia om Terje Syvertsen som ror frå Svelvik til Vemundvik nord for Namsos. Og han sit "rette vegen" i båten når han ror. Eller kanskje mange vil seie at han sit feil veg? Han ser altså same vegen som båten går.

Freelancejournalist Bjarne Eldevik i Måløy har laga denne filmen om Syvertsen som vi har fått lov å legge ut. Filmen kan du sjå her.

Sa ja til skule og hall på Fiskå
Sa ja til skule og hall på Fiskå
(15.06) Eit delt Vanylven kommunestyre slutta seg etter lang debatt med stort fleirtal til å godkjenne oppstart av arbeidet med bygging av andre byggetrinn på Fiskå skule, og - det som har vore og vart stridspunktet, ny gymsal/hall.Vi kjem attende med meir frå den over tre timar lange debatten i papirutgåva, men i korttekst kan vi seie at kommunestyret var kløyvd i to. Dei som ivra for å kome i gang, og dei som meinte saka var for lite utgreidd og helst ville utsetje henne til både arbeidet med skulebruksplan og dialogmøte på Åheim i kveld var gjennomført. Røystetala viste elleve mot ti stemmer for å behandle saka no. Eit anna omdiskutert tema var å endre forslaget som ligg føre til at ein bygg hallen i tilknyting til skulen for å spare driftsutgifter på straum, ventilasjon og varmeattvinning. Dette kan fort gje ein million mindre for året i driftsutgifter vart det sagt. Eit like knapt fleirtal valde difor å endre framlegget til å skulle sjå på slik løysing, medan mindretalet på ti meinte dette ville seinke prosessen og kunne takast i vare på andre måtar. (Dette kom feil ut frå vår side i ein første versjon av saka). Det vart såleis til slutt med stort fleirtal, nitten mot to stemmer, godkjent å starte arbeidet og på Fiskå kan ein no ta til å gle seg både til nytt skulebygg og ikkje minst ein flott hall. Diskusjonen var heller ikkje fri for å ta opp i seg det som har vore av skuldingar og personkritikk, noko særleg ordføraren gav uttrykk for har vore tøft å stå i. 
15.06.20 16:46
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Laurdag 4. juli
16.00 Syftsokfeiring, Fredheim Sørbrandal
18.00 Konsert, Selje kyrkje

Søndag 5. juli
12.00 Seljumannamesse, Selja

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget